God stemning under opninga av fiske i Grasmyrvassdraget

Det går mykje fisk gjennom teljaren, så vi trur det skal bli ein god sesong i Grasmyrvassdraget, seier Hallgeir Olsen i elveeigarlaget. 

Torsdag 1 juli kl. 18:00 starta fisket i dei fleste elvene på Senja. Vanlegvis skjer dette natt til første juli, men i år måtte fiskarane i alle elver som har fredingsdøgn på onsdagen vente til neste ettermiddag før dei kunne kaste ut snøret. 

Overvaking gir full kontroll

Samanlikna med andre år var ikkje laksen like bitevilling det første fiskedøgnet i 2021, men overvakingsvideoen viser god oppgang, så medlemmane i elveeigarlaget er ikkje bekymra.

Grasmyrvassdraget deltek i eit samarbeidsprosjekt der eit av måla er å registrere kor mykje gytefisk som går opp i elvene. For tredje året på rad blir gytebestandane i vassdraget videoovervaka og resultatet så langt viser ei god utvikling. «Overvakinga gjev oss full kontroll og dersom oppgangen er dårleg, kan vi stenge for fiske, seier Olsen. Han viser til at dei har fått eit nytt system som også registrere dei aller minste sjørøyene som skal opp for å gyte. Olsen er ein del av fiskeoppsynet i elva, og har i tillegg ansvar for å registrere fisken som blir fanga opp på kamera.

Samarbeida om overvakinga

Prosjektet er organisert i eit samarbeid mellom Nordavind Utvikling AS i Dyrøy, Troms og Finnmark Fylkeskommune og ni havbruksselskap i Troms. Salmar si etablering av eit stort lakseslakteri på Klubben nokre kilometer frå elvemunningen inneber at selskapet har tatt eit spesielt ansvar for å få på plass videoovervaking i Grasmyrvassdraget.

«Villaksen er viktig for Salmar og vi ønskjer å bidra til god kontroll med gytebestandane, seier samfunnskontakt Alf Jostein Skjærvik. Han framhevar at selskapet har hatt eit svært godt samarbeid med elveeigarlaget.