Laksen kan takast i sjøen

"Dersom vi blir flinkare til å planlegge, trur eg det er mogeleg å ta mykje av pukkellaksen før den går opp i elvene for å gyte, seier Rune Muladal i Naturtjenester i Nord". Han har avlyst sommarferien og reist til Aust-Finnmark for å hjelpe til i arbeidet med å hindre gytesuksess for pukkellaksen.

Stillehavslaksen som vart sett ut ved Kolahalvøya på 60-talet gyte annakvart år, og det er absolutt flest av den i oddetalsår. I 2021 har det vore reportasjar om store fangstar av pukkellaks langs heile kyststripa frå Finnmark til Lofoten, og mange stiller no spørsmål ved kvifor det ikkje har vore gjort meir for å hindre at så store mengder av den framande arten oppnår gytesuksess i elvene våre.

"Eg trur pukkellaksen er komen for å bli, men vi må takle situasjonen på ein smart måte. Vi må hindre gyteinovasjon i elvene, på same tid som vi utnyttar den som ein verdifull ressurs, for det er den faktisk, framhevar Muladal. Han syns fiskekjøtet smaka godt før den kjem i gytemodus, men skryte kanskje aller mest av rogna, som han opplever som ei delikatesse.

Elvefolket i Troms er klar for innsats

Mange av elveigarlaga i Troms har også søkt Statsforvaltaren om å få ta ut pukkellaksen dersom den blir observert på veg inn mot elvemunningane.

«Vi har nok ikkje det same problemet som i Aust-Finnmark, men vi registrera ein del fisk, og i midten av juli i år hadde vi tatt 21 pukkellaks, og registrert meir fisk på tur inn, seier dagleg leiar Hermann Hermansen i Reisa Elvelag. Han er heilt sikker på at det kjem meir av den i 2021, enn det gjorde i 2019.

Elvelaget oppfordra også folk til å fiske pukkellaksen medan den enno er i havet, men i fisket etter pukkellaks er det alltid ein risiko for å ta atlantisk laks, så det er viktig å vere forsiktig. Det gjeld både i sjøen og i elva.  «Dersom det er fare for å ta mykje bi-fangst, blir fisket avslutta. Vi ønskjer ikkje å ta den gyteklare atlantisken laks på den måten», seier Hermannsen. 

Hermann Hermansen i Reisa Elvelag meina det er viktig å finne ut om Pukkellaksen er skadelig for den atlantiske villaksen.