Startar med videoovervaking av fiskeoppgangen i Breivikelva

«Det har vore snakk om videoovervaking i mange år, så det er veldig godt å vere i gang, seier styremedlem Arild Sørensen i Breivikeidet Og Omegn grunneierlag (tv). Han vurdera det å ha kontroll med bestandsutviklinga som svært viktig når dei skal forvalte framtida for elva. 

Arbeidet med å få på plass videoovervaking i Breivikelva starta vinteren 2021. Grunneigarlaget har fått økonomisk støtte hjå Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, og tilskotet dekker hovuddelen av dei konkrete kostnadane, medan dugnadsarbeid blir laget sin eigeninnsats.

Samarbeid med andre elver

Grunneigarlaget har også samarbeida med andre elveeigarlag i prosjektet -Samarbeid anadrom fisk i Troms som er etablert i regi av Nordavind Utvikling AS. A. Kristiansen ANS har installert det tekniske utstyret som trengs for registrering av fisk. Det står enno igjen ein del testing og prøving, men i dag kan Sørensen sitte heime i si eiga stove og kontrollere fiskeoppgangen. Målet er at dei skal klare å dokumentere all fisken som går opp i elva i 2022.

Har konstruert sitt eige ledegjerde

Alle elver er ulike, og der det ikkje er laksetrapp trengs det eiga tilpassing av ledegjerde. Dette har dugnadsgjengen på Breivikeidet løyst med å bruke plastrøyr og god forankring. 

-Vi har brukt standardløysing der det er mogeleg, og så har vi funne eiga løysing når det gjeld ledegjerde. Det har vore ein forholdsvis krevjande jobb, men erfaringane frå arbeidet med å konstruere ledegjerde kom veldig godt med når vi skulle lage fiskefelle for å fange pukkellaksen, framhevar Arild Sørensen.

Styreleiar Jim Roger Sørensen til høgre og styremedlem Arild Sørensen er einige om at  videoovervaking er viktig for å få god kunnskap om utviklinga for dei ulike anadrome bestandane

Ei grå breelv

Breivikelva kjem frå bre, og mykje siltmateriale gjer at elva er ganske grå i periodar. Dette kan medføre dårleg sikt, men i følgje Sørensen klare dei likevel å dokumentere dei ulike artane og vekta på fisken. Det kan bli vanskelegare å analysere kjønn, spesielt tidleg i sesongen, men i så fall må dei ta eit gjennomsnitt av kjønnsfordelinga dokumentert i historiske fangstar.

«Uansett så gjev videodokumentasjon mykje betre kunnskap om bestandsutviklinga enn det vi får i den fangstbaserte forvaltninga», seier Arild Sørensen til slutt.