Muladal testar tilstanden i vatnet

Rune Muladal i Naturtjenester i Nord tek botnprøver frå Tennvatnet for å dokumentere vasskvaliteten. 

Som ein del av arbeidet med å tilfredsstille EU sitt vassdirektiv blir det tatt prøver i fleire tusen vatn og innsjøar i Noreg. Eksempelvis så er det snakk om eigne grenseverdiar for kor mykje, eller kor lite det skal vere av ulike organismar i eit vatn.

Det er mange kvalitetsmerke i vassdirektivet og Muladal vise mellom anna til vasskjemi og kvalitetsnorm for laks.

-Dersom prøvene viser at det er for mykje fosfor og nitrogen, så er vatnet overgjødsla, noko som inneber at det må gjennomførast tiltak, seier Muladal. Undersøkingar over tid viser at opp mot eit av ti vassdrag i Noreg har dårleg kvalitet.

Varierande lusemengde i Tennvatnet

Mengda av lus på fisken som kjem opp i Tennvatnet varierer ein del. I fylgje Per Midtgård i Tranøybotn jeger og fiskeforeining står det i hovudsak bra til med laksen og den store auren som kjem for å gyte. Men han ser ein del lus på den minste auren som går opp for å overvintre i vatnet.

Gjennomgåande er den generelle tilstanden for anadrom fisk i Tennvatnet ganske god, men Midtgård meina at laksen og auren konkurrera om gyte- og oppvekstplassane. Når det er mykje laks, går aurebestanden ned.