Klar for ny sesong i elvene

I helga hadde Samarbeidsprosjekt anadrom fisk i Troms styremøte og strategisamling på Sandøya utanfor Tromsø. Som vanleg var engasjementet på topp og spenninga er stor framfor årets sesong.
Fiskeoppgangen i mange av elvene i prosjektet blir overvaka med video og elveeigarane er opptatt av å sikre at utstyret er på plass i elva før den første fisken går opp.
 
Kvalitetsnorm for ville bestandar av atlantisk laks og status i dei ulike elvene var eit tema som skapte stor interesse. Difor bestemde vi oss for å invitere Vitenskapleg råd for lakseforvaltning til informasjonssamling i Troms til hausten.
 
Bak t.v Terje Brandser, Knut Holmgren, Rune Muladal. F.t.v Harry Fyhn, Roy Alapnes og John Willy Kvarsvik.